Alle innlegg Sukkerforum

Å då var gleda stor...

Vis siste innlegg
(mann 42 år fra Møre og Romsdal) sø. 8 aug. 22:11 Privat melding

Å store fanfarer og iltre basuner
nokon hadde merka meg som interessant
nesten så eg måtte haldast nede av sterke barduner
så eg ikkje lukt til himmels spant

Fingrane dei skalv
og øyro dei flamma
hadde eg ikkje berre vore ein kalv
så hadde eg stamma

Men,men..ka va det som skjedde
Profilen var vekk
Før eg orda fikk spreidde
Følte meg no mest som stappa i ein sekk

Ja, det var no eit underleg norsk
Men kanskje ho var genuin
Eller heller eg som var dorsk
Kanskje ho eigentleg var ein beduin

Skjelven den ga seg og arg eg vart
Var det slik å få brev
Så skulle sinnet bli svart
Og eg skulle heller ta meg eit stev

Trompetar og basunar skal få kvile for meg
Spelar heller på slurva
Og tek det steg for steg
Sjøl om det nok er ei og anna eg gjerne skulle horva

Får nok stå her ute på marka
Og klø meg i rævva
Til kåtsla har spakna
Om eg så skal stå her i all æva

Tjohei og ha ein fin dag, godtfolk
Og til dykk som ikkje e eit folk så godt
Kan de no stilla opp og ta ein bolk
Det kan no og bli flott!

Skjult ID med pseudonym betteroff sø. 8 aug. 22:25

Ja, det var no eit underleg norsk :D

Skjult ID med pseudonym Dragefrukt ma. 9 aug. 23:50

Hehe, dette tror jeg skjer alle her inne.

Men bra dikt. *S*