Jeg kom over dette vakre diktet og ville bare dele med andre sukkersjeler

Kalypso
Av Åse-Marie Nesse

Eg tenner et fyrlys for alle som elskar
for dei som ror i ring og aldri finn same rytmen
for dei som berre lyder til signal
frå framande farty
for dei som støytte på grunn i medvind
for dei som styrer etter stive sjøkart
utan å ense måkars mjuke flog
for alle som kjenner dei sju hav
og aldri lodda djupa i sitt eige hjarta

eg tenner eit fyrlys
for all villfaren kjærleik
så vegen til det lova landet
blir synleg i natt