Alle innlegg Sukkerforum

Joggetur i Åsane/Bergen i ettermiddag!

Vis siste innlegg
(mann 33 år fra Hordaland) sø. 10 juni 13:31 Privat melding

Eg satsar på ein kjapp joggetur frå idrettsanlegget ved Haukås skule og opp på Hetlebakksåta/Breisteisåta. (Er usikker på kva som er korrekt namn på toppen der..)

Kondisen min er rævva, men opp skal eg; og i joggetempo vert det.

Oppmøte ved parkeringsanlegget kring klokka fem vil eg tippe, men nøyaktig tidspunkt her i tråden eller på SMS (send meg PM for mobilnummer) halvanna time før.

(Sjå etter brun SAAB stasjonsvogn med Norseman-klistremerke i bakruta på p-plassen.)

Skjult ID med pseudonym jegern sø. 10 juni 14:46

"Ræva kondis" og "norseman-klistremerke" rimer ikke :P

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 15:00

Joda. Rævva. Eg hadde aldri klart å gjennomføre Norseman i dag. (Og det har eg aldri gjort før heller. Har vore med som følgesmann.)

Målet mitt var å delta på halvdistanse i år og fulldistanse til neste år, men årsaka kneskade og kronisk betennelse i motivasjonen er det midlertidig lagt på is.

Men nokon som er med?
Ver ikkje redd. Eg er øydelagt etter ein kilometer, og tar resten på vilje og trass.

Skjult ID med pseudonym lusa sø. 10 juni 15:03

Proppfull av trass, og ribbet for vilje - i dag er det sofa som gjelder!

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 15:38

Pingle!

(Satan! Klokka er mykje! Må byrje gjere ting her!)

1720, pluss/minus 10 minutt, eller oppdatert tidspunkt her i mellomtida.

Skjult ID sø. 10 juni 15:48

Ta deg en spinning time på SATS i Åsane, det er mye bedre :)))

Skjult ID med pseudonym vest-ebest sø. 10 juni 15:51

Feil side av byen. Blir jogging i vest. Men ikke før seinere når solen ikke er like heit...

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 15:55

@Skjult ID 15:48
Nah. Spinning er fæle ting. Mykje dårlige instruktørar som kun endar opp med å øydelegge knærne til dei som er med.. Eg føretrekk langturar på sykkel i terreng eller langs asfalt i solskin og med fuglekvitter.

@vest-ebest
Kvar? Canadaskogen? Eller Løvstakken?
(Eg er alltid på jakt etter nye plassar å jogge, så lenge det ikkje er asfalt..)

Skjult ID med pseudonym vest-ebest sø. 10 juni 15:59

Lyderhorn er min favoritt, men er ikke helt der at jeg jogger hele veien opp. Også fint å jogge i alvøskogen

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 16:06

Eg har jogga mykje til Lyder'n. Fantastisk tur!

Byrjar du på Nutec?

Det er ein liten knaus (Ørnafjellet?) ved sida av Lyder'n som er fin å springe innom på vegen.
Eg enda ofte med å byrje på Nutec, opp på den "småknausen", deretter til Lyder'n, så ned mot tankanlegget ved Kjøkkelvik, og deretter tilbake til Nutec.

Det var ein relativt lang tur med mykje motbakkar, men den er nydelig fin når været er bra.

Skjult ID med pseudonym vest-ebest sø. 10 juni 16:14

Begynner som regel ved tankene i Skålevik. Så til toppen og ned igjen. Været hindrer meg sjelden.

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 16:31

Argh.

Ting går verkeleg ikkje som planlagt i dag.

18:00.

(mann 33 år fra Hordaland) sø. 10 juni 17:27 Privat melding

1830

Skjult ID med pseudonym Porfirij sø. 10 juni 20:54

Fekk ikkje med meg noko, men turen var fin sjølv om.
Har aldri opplevd turrare stiar oppover der, så det var rein nytelse.

(Neste gong skal eg freiste opprette tråden dagen før, og halde tidspunktet eg har sett... )