Alle innlegg Sukkerforum

Vis hensyn og køyr fint!

Vis siste innlegg
(mann 33 år fra Hordaland) ti. 3 juli 19:12 Privat melding

Etter å ha tilbrakt mange timar bak rattet, lagt bak meg kring 3 000km og sett mykje tåpelig dei siste to helgene har eg ei oppfordring til dykk alle:

Køyr pent.

Ta livet med ro; og la deg ikkje stresse. Senk farten om forholda er dårlige eller vegen uoversiktlig.

Mange av oss køyrer i desse dagar både langt av stad og seint på kveld. Kjenner du at du vert trøytt og ukonsentrert, så finn deg ein rasteplass eller ei busslomme, og småsov i 15-30 minutt. Til om med på turar så korte som under 2h kan det vere naudsynt med ein kort stopp undervegs. (Etter ein dag med jobb og aktivitetar er det oftare regelen heller enn unntaket at eg gjer dette.)
Har du ungar i bilen så forstår dei kvifor om du forklarar det, og godtar som regel ein "keisam" og stille stopp undervegs.

Legg mobilen vekk og ut av syne og rekkevidd.
Bruk heller 800,- på ein blåtann-handsfree som er fastmontert i bilen, og ha svar-knappen lett tilgjengelig bak rattet. (Og lær deg å bruke systemet FØR du byrjar køyre.)

Pakk fornuftig i bilen.
Tunge ting nedst, og helst inntil seteryggen i bagasjerommet, og lettare bakover og oppover. Ingenting laust på hattehylle og i baksete.
Både for eigen sikkerheit ved bråstopp, men også med tanke på bilens køyreeigenskapar.
Tak- og hengarstativ må i utgangspunktet sikrast, og deretter etterkontrollerast. Ting forskyv og flyttar på seg etter nokre mil, og det som hang som spikra ved reisas byrjing er med eit laust og vaklevorent.

Sjekk dekkmønster og -trykk. Har du gamle eller slitte dekk så ha det i bakhovudet om det er våt veg. Hugs også at våt veg (spesielt nylagt asfalt) kan vere glatt som is. Eg har ved fleire høve opplevd sleng på bilen trass nye og gode dekk og antisladd-system; og då spesielt rett etter regnskyll.
Har du fullasta bil så auk dekktrykket over kva du normalt nyttar. Sjekk instruksjonsbok eller info-plakat på fyllingspunkt.
Sjekk vindusviskarar, fyll spylevæske og vask rutene på innsida. Det kan forhindre blending ved låg motsol.

Og ikkje minst:
Vis hensyn og ver fleksibel i trafikken!
Ha så stor distanse til bilen framføre deg at idiotane som føretar livsfarlige og unødvendige forbikøyringar har ein plass å redde seg inn. Ha eit auge med speiglane så du ser dei så tidlig som mulig, og hjelp idiotane forbi. Det reddar liv.

Kos deg bak rattet, og sjå på køyreturen som ein del av ferieopplevinga og ikkje som eit onde.

God tur.

Skjult ID med pseudonym poppy ti. 3 juli 19:18

Jeg er så enig med deg mister @Porfirij......Men kremt kremt....:))

(mann 40 år fra Oppland) ti. 3 juli 19:23 Privat melding

Takk for sist @Porfirij Og dette kunne ikke vert bedre skrevet :) helt enig!

Skjult ID med pseudonym Knut76 ti. 3 juli 19:24

eller det kunne jo ha blitt skrevet på Norsk da :D

Skjult ID med pseudonym gråprins ti. 3 juli 19:29

@Porfirij

Amen! :)

Skjult ID med pseudonym fyr84 ti. 3 juli 19:35

Og ser du en Grand vitara i speilet med en stressa og gærn sjåfør, vennligst slipp meg forbi! :)

Skjult ID med pseudonym Knerten ti. 3 juli 19:48

Helt enig Porfirij:-)