Alle innlegg Sukkerforum

Ei suksesshistorie

Vis siste innlegg
Skjult ID med pseudonym Mann35 on. 15 aug. 14:13

Ser det er så mykje negativitet her på forumet så tenkte eg skulle bidra med litt positivitet.

Etter halvtanna år på Sukker har eg no deaktivert kontoen min (men ser ut som eg endå kan skrive innlegg på forum) ettersom eg no har funne ei dame å satse på. Fann ho IRL, men i tida mi på Sukker så har eg treft mange sukkerdamer og melda med endå fleire. Og med handa på hjartet så kan eg sei at alle damene eg har treft gjennom Sukker har vore kjekke, hyggelege damer. Nokre har eg endå kontakt med pga felles interesser.

Og til alle de som klagar på manglande respons på fyrstemeldingar; eg har iallefall ikkje opplevd det. Rundt halvparten eg har kontakta har svart meg, resten kan no forklarast med at dei var falske profilar, opptatt med andre karar eller kontaktsky. Det er i det heile tatt mange jenter her inne som er veldig kontaktsky. Du kan gjerne melde med dei, men treffe deg... det er skummelt.

Dei damene som har tatt kontakt har vore enten 'falske' utanlandske profilar eller damer med ei veldig seriøst vinkling på eit langvarig forhold. Ofte blitt nesten som fyll ut dette skjemaet og dersom du scorar over 90 av 100 poeng så er ho klar til å innleie forhold og få unge med deg. Det fristar kanskje nokre menn, men ikkje meg...

Men det verkar som det er mykje rart her inne på Sukker av menn. Gjennom venninner og sukkerdates har eg fått innblikk i ei merkeleg mannsverd eg ikkje ante eksisterte. Mange tafatte menn med elendige profilar, fyrstemeldingar, ser ut som eit takras og generell haldning. Fyrste bod bør vel vere at du er trygg, velstelt og nøgd med deg sjøl. Sjøltillit sel, uvisse sel ikkje!

I tillegg ser det jo ut som mange utelukkande baserar seg på Sukker for å oppnå kontakt med det motsatte kjønn. Eg har iallefall mens eg var på Sukker deita damer som eg har møtt IRL. Det overraskar meg heile tida kor ofte damer IRL seier ja til ein date når du spør dei rett ut om det etter å prata med dei ei lita stund. Eg ser ikkje ut som Brad Pitt, men eg er slank , høg og har ei avslappa haldning så om eg får eit nei så tar eg det med eit smil. Kanskje det er det som skal til (haldninga altso)?

Anyway moralen i soga er: Bruk Sukker som eit supplement i livet ditt til å treff andre folk, men legg ikkje for store forhåpningar til Sukker. Her herskar bruk og kast, men sjansane for å treffe kjekke folk her er absolutt tilstandes. Og legg frå deg negativiteten, ingen likar ein sur/klagande person.

Skjult ID med pseudonym go* on. 15 aug. 14:42

@mann35, fantastisk innlegg. Helt enig med deg om alt du skriver. Håper at tråden din bli populær og at flere skal lære noe av dine erfaringer og refleksjoner.

LYKKE TIL :)

Skjult ID med pseudonym Mr.Mann on. 15 aug. 22:15

Veldig bra at du deler dine erfaringer med oss andre. Det skulle vært et eget forum for dei som har funnet seg partnere her på Sukker. Når profilene blir deaktivert forsvinner dere liksom bare.

Skjult ID med pseudonym Lily on. 15 aug. 22:21

Veldig bra skrevet! Lykke til :)

Skjult ID med pseudonym Powpowgutt on. 15 aug. 23:58

Oi, oi.. reklame for IRL? Spørs om Sukker er spesielt glad for det.. :P