Alle innlegg Sukkerforum

Eine kleine Nachtmusik

Vis siste innlegg
(mann 55 år fra Oslo) lø. 8 des. 23:50 Privat melding

Ei melding - ein "tråd" her inne, fekk meg på følgjande tankar:

og eg siterer ordrett - tittelen på tråden var noko slikt som "hva skal jeg ha på meg, jeg skal treffe noen i morgen".
(Og EG tenkte, min første intuisjon - my God - er du mann eller kvinne?)D med "kjole" fekk meg på gli -

My God -

Det feminine - kontra det maskuline.
Som alle "fordrar" - andre "nektar" - men som "alle" likevel samtykkjar i.
Ein tråd her inne - eg hugsar ikkje heilt (siste døgnet; kanskje går den enno) - men kvinna gjorde seg "attraktiv" ved at ho "lente seg over kopimaskina", og let hennar betre halvdel kome til sin rett.. Ja. Det er sant. Det er som i ein erkekonservativ pornofilm. Og eg er ingen gledesdrepar!

Kor mange av desse forumtrådane har ikkje handla om nettopp "kvinne-,mann"-"problematikken".
Utfordringa. Eller kva vi no skal kalle det.
Skilnadane mellom kvinner og menn.

Nokre vil ha det slik - og fortel at "alt" er likt.
Andre fortel det motsatte - at "alt" er ulikt.

Du verda, kor predestinerte vi er.
Og kor TRIST eg tykkjer at det ER slik.

Men å riste av oss tradisjon, innarbeidd konservatisme (gjennom århundrer) - freiste tilegne oss særs nye tonar mot det såkalla "mannssjåvinistiske" samfunnet - ja, det er sanneleg ikkje enkelt å halde tunga beint i munnen.

Sjølv er eg utruleg gamaldags.
Konservativ.
Reaksjonær.
Eg var 24 år - ei dame spurde meg om eg ville ha ei øl.
"Går det an, då?" var min umiddelbare respons; inga kvinne hadde til no i livet mitt gjeve meg noko. Gratis.
Vi vart sjølvsagt gift.

Sidan har dette fulgt meg.
Eg les om "byttedyr" (milde himmel, kor ufatteleg primitivt denne "lowry" er - sjølv om vedkomande (eg anar jo ikkje om dette eksemplaret av menneskeslekta er "mann eller kvinne"; alltid anonym - som var han/ho på veg over elva Styx, eller kanskje komen lenger enn det...) -

eg registrerer "kvinnesak" i dei fleste av meldingane her inne; kort sagt - desillusjonen breier seg over meg som dyna når eg legg meg...

Kva med litt openheit?
Kva med litt: Her er eg, kvar er du?
Kva med å sleppe litt på alle fasader, staffasjer,

Kva med å seie -
hei.
eg er K
du er L

Lat oss gå vidare...
Det er aldri for seint å tru på noko.
I alle fall ikkje i desember

Skjult ID med pseudonym L sø. 9 des. 00:46

Jeg støtter Lowry, @ Du er en tulling

(mann 55 år fra Oslo) sø. 9 des. 00:53 Privat melding

Danke sehr, @00.46.7
Det var nettopp slike innlegg eg søkte ette

Og - zum beispiel - eg har blitt kalla det same tidlegare... :-)

Skjult ID med pseudonym arneand sø. 9 des. 01:01

@ts
Mmmmh, men hvor er musikken?
*skuffa*

Vil man ha noe gjort må man gjøre det selv ass ;p

K's Choice - Not An Addict
http://tinyurl.com/9wqshrz

Tror du hun synger om sukkerforumet?
Hmmm (((((O.0)

Skjult ID med pseudonym L sø. 9 des. 08:38

@ arneand - denne tråden er oppretta kun for å promotere unge og framleis særs lovande Wolfgang Amadeus. :-) For eit geni. Good heavens!

Takk for link, forresten. Ja, eg er temmeleg sikker på at det må vere sukkerforumet ho syng om :-)

Skjult ID med pseudonym Lowry sø. 9 des. 10:56

@panegyrisk, ja, primitiv, stolt av det! :-)
Byttedyr! Bruk! Kast!

(mann 55 år fra Oslo) sø. 9 des. 11:31 Privat melding

@ Lowry - du scorar i alle fall stort på standhaftigheit og dedikasjon! :-)