Dette diktet av Arne Garborg beskriver forelskelsen godt synes jeg :) Å være forelsket er som regel ikke bare fryd og gammen og det kan være mange motstridene følelser hos den som er forelsket. Jeg personlig er nok ikke så intens i min forelskelse da;)

"Den galne guten min hug hev dåra;
Eg fanga sit som ein fugl i snóra;
Den galne guten, han gjeng så baus;
Han veit at fuglen vil aldri laus.

Å gjev du batt meg med bast og bende;
Å gjev du batt meg så bandi bredne!
Å gjev du drog meg så fast til deg,
At heile verdi kom bort fra meg!

Ja, kunne rett eg mi runelekse,
Eg ville inn i den guten vekse;
Eg ville vekse meg i deg inn,
Og vera berre hjå guten min.

Å, du som bur i hjarta inne,
Du makti fekk over alt mitt minne;
Kvart vesle hugsviv som framom deg,
Det berre kviskrar om deg, om deg.

Om soli lyser på himlen blanke,
No ser ho deg, det er all min tanke;
Om dagen dovnar og skumning fell:
Skal tru han tenkjer på meg i kveld?

Om vinden strid over hei-i susar,
Det gule håret ditt visst han krusar;
Om regnet dryp med sin døyvde gråt,
Så stakkars guten, no vert du våt.

Å, berre timane ville skride,
Og berre dagane ville lide!
Men eg vil kveda og vera glad;
For om sundag kjem han, trala, trala!"